Bygderamp Mini – Liten & Rampete (Hettegenser)
For små bygderampar med store planar!
Det heiter seg at eplet ikkje fell langt frå stammen. Og nokre gonger er det kanskje like greitt!
Bygderamp har følgt Rotlaus heilt sidan starten i 2015, og no kan også dei minste bere namnet med stoltheit.
Ein klassisk og komfortabel hettegenser med Bygderamp-trykk i front og ein liten Rotlaus-logo på brystet.
Perfekt til kjølege sommarkveldar, barnehage, skule og små eventyr – anten dei går føre seg på bygda eller langt utanfor.
Genseren er levert av Clique, med normal unisex-passform og ei behageleg blanding av bomull og polyester.
Produktinformasjon
-
Modell: Hettegenser for barn
-
Passform: Normal unisex
-
Materiale: 50 % bomull / 50 % polyester
-
Leverandør: Clique
-
Trykk: Utført hos Grafa i Noreg
Liten og rampete – akkurat slik det skal vere!